Debian

Det universale operativsystemet

Publisert: 24. januar 2020 06:54

Linux er ein type operativsystem, der alle kjelekodar er opne. Det vill seie at den som administrerer dette systemet kan gå inn i sjølve programvaren og gjere endringa og rette feil. Samtidig gjere det systemet vanskelegare for uvedkommande å komme seg inn på, utan at det blir oppdaga.

«Linux er eit operativsystem, tufta på open kjeldekode. Nemninga Linux gjeld eigentleg berre Linuxkjernen, men vert òg nytta om heile Linux-distribusjonar, som i tillegg til Linuxkjernen inneheld mykje programvare, som fleire ulike bibliotek, brukar -grensesnitt, verktøy og brukarprogram frå GNU-prosjektet.

Linux vart opphavleg utvikla for Intel 386-mikroprosessorar, men stør no fleire ulike prosessor arkitekturar. Det vert nytta i alt frå personlege datamaskinar til superdatamaskinar. Det finst òg fleire miniversjonar for små innbaka system som mobiltelefonar og videokamera. For eksempel, er Linux brukt som kjerna i mobiloperativsystemet Android.

Etter å ha vorte utvikla mest av einskilde entusiastar i byrjinga, har Linux fått støtte av store selskap som IBM og Hewlett-Packard. Dette har gjort at proprietære operativsystem som versjonar av Unix og Microsoft Windows har mista marknadsdelar til Linux i tenarmarknaden. Tilhengjarar og mange analytikarar gjev leverandøruavhengigheit, låge realiseringskostnadar, tryggleik, tilgjenge til kjeldekode og stabilitet mykje av æra for denne framgangen.» Wikpedia

Det har i løpet av åra komme mange ulike Linux distribusjonar, nokre må ein betale for å nytte, blant anna Red Hat, andre er delvis frie, mens nokon er heilt frie.

Med heilt fri denne samanheng meiner ein at det ikkje står eit konkret kommersielt selskap bak og at den aktuelle Linux distrubisjonen er ope tilgjengeleg for alle, med fleire aktørar, både bedrifter, organisasjonar og einskilde personar som opphav og pådrivarar. Blant dei heilt frie som har vore lengst er Debian.

Debian er eit universalt operativsystem som mange andre mindre og større Linux distribusjonar byggjer på. Blant dei mest kjende er Ubuntu som igjen vert finansiert og marknadsført av det kommersielle selskapet Canonical. Ein annan distribusjon som har sitt opphav i Debian er Raspberrian som er operativsystemet for den etter kvart så populære Raspberry Pie.

For self-hosting server, pc og anna maskinvare frå Linuxlars vel ein alltid Debian Stable som førsteprioritet. Dette er fordi at før noko programvare får komme inn i Debian Stable sortimentet har det blitt testa og brukt av dei ulike aktørane som bygger på Debian sin distribusjon. Og gjennom Debian sine eigne utvikling og testing prosessar.

Det gjer at Debian Stable er eit særs stabilt, sikkert og påliteleg operativsystem. Fordi alle små og store feil er blitt retta og forbetra innan noko programvare får lov til å verta med i sortimentet til Debian Stable.

I tillegg til ein særleg høg grad av tryggleik og stabilitet får ein også full tilgang til Debian sitt eige pakkearkiv som tilbyr over 52 000 pakkar eller ulike programvare.

Med denne kombinasjonen av stabilitet, tryggleik og eit utal av ulike digitale verktøy er ein i stand til å løyse dei aller fleste oppgåver for pc og server.

Ein kan til dømes velle blant fleire ulike skrivebordmiljø med ulike design og eigenskapar. Ein har også alt ein måtte trenge av kontorprogram, teikneprogram, fotoredigering, videoredigering, lyd og studio. Lett tilgjengeleg er også drivarar som gjer at ein kan kople til kamera, skjerm, tastatur, prentemaskin eller andre små og store maskinvare løysingar.

For server kan ein med Debian Stable få ein permanent og stabil løysing for den tenesta ein måtte ønskje, lokalt eller via verdveven: webserver, mediaserver, printserver eller noko heilt anna.

Debian er eit universelt operativsystem og det er ope tilgjengeleg for alle, gratis.

På bakgrunn av denne kunnskapen og eigen erfaring med Debian tilbyr eg installasjon og innføring med Debain Stable på pc og server.

Ta kontakt så kan eg hjelpe deg med å finne den Debian løysinga som høver for ditt behov.
Du kan også finne meir informasjon om Debian via organisasjonen sine eigne nettsider.


Skrive av: Lars K. Hansen