Self-hosting

Sjølveigd, lokal server

Publisert: 24. januar 2020 08:27

Direkte oversett sjølvvert. Det vill seie at du sjølv har kontroll og administrasjon over ein eigen server(datamaskin) som er tilkopla internett.

På denne måten kan ein ha total eige-skap og kontroll over dei tenestene og data du nyttar og delar via internett. Så klart avhengig av at ein nyttar gode løysingar.

Vel du ei stor public-cloud, på norsk stor felles sky løysing, kan fleire tusen medarbeidarar og tredjeparts bedrifter ha direkte og indirekte kontroll og tilgang på dine data. Dette kan bli brukt til å utnytte deg og di verksemd økonomisk eller på andre måtar. Ofte på ein så pass sofistikert måte at du med å bruke slike løysingar ikkje er merksam på det sjølv.

Difor vill ein self-hosting løysing som du sjølv, eller nokon du har tillit til på eit menneskeleg plan, administrerer og har kontroll over. Ein self-hosting server vill vere ei god investering for din eigen og dine nærmaste sin tryggleik.

Innsamling, forvalting og manipulering av brukar og bedrifts-data er ein stor internasjonal marknad, med store aktørar og store pengar. Desse aktørane ønskjer å forvalte din informasjon og dine data til eiga vinning og kanskje til skade for deg og di verksemd.

Vel du self-hosting med lokal Django webapplikasjonar for publisitet og netthandel, og applikasjonar for skyserver for kontor applikasjonar, databehandling, file-deling og kommunikasjon. Kan du samtidig ha total oversikt og kontroll på til kven og kva du deler via internett.

Hjå Linuxlars kan du få hjelp til å finne den rette maskinvaren som høver for deg eller di verksemd. Du kan også få full installasjon av både Django eller andre web og sky applikasjonar, med tilhøyrande tryggleiks innstillinger og tilkopling til internett. Slik at du etterpå kan administrere dine eigene nettsider og skytenester enkelt i din eigen nettlesar.

I tillegg kan du få ein backup og support avtale. På den måten kan self-hosting bli ei svært god og lønnsam investering for å vareta dine data på best mogleg måte. I tillegg får du mange gode verktøy for kommunikasjon og kontor tenester, mellom tilsette i di eiga verksemd, men også for møter, presentasjon, kundebehandling m.m.


Skrive av: Lars K. Hansen