Openshot

Programvare for videoredigering

Publisert: 28. januar 2020 09:20

Med openshot kan du på ein enkel måte redigere akkurat dei videoane du ønskjer, korte eller lange og i dei aller fleste format og tilpassingar.

Du kan redigere 3D, animasjon, vanleg video, legge inn lyd, bilde m.m. Moglegheitene er uendelege, du treng berre kreativitet så har du det perfekte verktøyet til å lage din eigen film.

Openshot er svært enkel å bruke og du kan utan nokon tidlegare erfaring lære korleis du kan redigere eigne filmar. Har du erfaring med videoredigering vill du også like openshot, for her er det mogleg å legge avanserte effektar og kva ellers du måtte ønskje.

Du kan også velle norsk tekst og oversetjing.

Openshot er fri programvare laga for alle som ønskjer å redigere video med eit profesjonelt og funksjonelt videoredigering verktøy.

Gå til openshot.org og finn meir informasjon eller last ned OpenShot for Linux, Windows og Mac.


Skrive av: Lars K. Hansen