Linuxlars.no

Innsamling av data

For dette domenet linuxlars.no vert innsamla data delt med google, facebook m.fl. for marknadsføring.

Elles samlar Linuxlars kun inn anonym data som Linuxlars og eigar av innhald på nettsider levert av Linuxlars har tilgang til. Ingen data som blir samla inn av Linuxlars blir seld eller delt med andre av Linuxlars eller kunde med eige domene.

Innsamla data vert nytta til å halde oversikt over kor mange besøkande samt frå kva landsdel i kva land dei besøkjande kjem frå. Og til å optimalisere tenestene.

Til dette bruket vert det etiske vev analyseverktøyet Matomo nytta. Ønskjer du å vite meir om kva Matomo er for noko kan du lese på heimesida deira.

For applikasjonar levert av Linuxlars som er tilkopla facebook, google eller andre leverandørar som samlar inn data, fråskriv Linuxlars seg alt ansvar.

Linuxlars gjev ingen garanti for programvare levert av andre og fråskriv seg alt ansvar på alle måtar når det gjeld feil opplysningar eller feil i forhold til programvare eller maskinvare.

Linuxlars jobbar alltid for å gje kunden den beste løysinga basert på tilgjengeleg kunnskap på det tidspunktet arbeidet vert utført.

For å samle inn denne innformasjonen vert informasjonskapslar nytta.

Ein informasjonkapsel er ein kode som vert send frå vår servar til nettlesaren på din PC når du er inne på heimesida. Denne koden vert lagra i nettlesaren. Når du seinare går inn på heimesida, vil informasjonskapselen verte send frå nettlesaren din til servaren vår, som vil "kjenne att" din PC. Dette gjer det mogleg for servaren å tilpasse tenestene til deg som brukar. Har du til dømes stilt inn for høgkontrast attgjeving ein gong, vil servaren syte for at du slepp å gjere den innstillinga om att.

Informasjonskapsler blir brukt til personalisering, pålogging, språkstyring og for statistikk som brukes til forbedring av nettsidene.

Lov om elektronisk kommunikasjon (ekomlova) trådde i kraft 1. jul 2013. Lova regulerer vilkår for lagring av opplysningar i kommunikasjonsutstyr - den sokalla "cookie-paragrafen" (ekomlova §2-7b).

Dei fleste nettlesarar er innstilte slik at dei automatisk aksepterer informasjonskapslar. Dersom du ikkje ynskjer å ta dei i bruk, kan du endre innstillingane i nettlesaren slik at informasjonskapslane ikkje vert lagra automatisk. Du kan bestemme om alle skal blokkerast, eller om du skal ha høve til å velje om dei skal aksepterast eller ikkje. Ved å ikkje akseptere informasjonskapslar, unngår du at PC-en din vert "kjend att" på sida du vitjar. Men samstundes må du rekne med å gå glipp av ein del av dei funksjonane som sida elles tilbyd.

Gå til: matomo.org